Duer i skjegget

Vi rapporterer frå framtida. Fuglane skal vite at det er meir interessant enn notida.

8. januar 2018:
Fakkelstafetten kom i dag til Minsk. Også her var det kraftige demonstrasjonar. Heilt sidan denne stafetten starta har OL-fakkelen som til slutt skal ende i Tromsø blitt møtt med demonstrasjonar. I dag tidlig blei det seriøst diskutert å droppe heile fakkelstafetten på grunn av alt oppstyret og all den dårlige Norges-reklamen, etter at fakkelen i går måtte sløkkast og fraktast i buss forbi rasande demokratiforkjemparar som hadde lenka seg fast og protesterte mot at OL blir arrangert i eit land der statsrådar kanskje sender SMS-ar og så gløymer det etterpå. ”Det er ein hån mot demokratiet og mot den olympiske ideen” ropte ein av demonstrantane før han blei arrestert. Både i Minsk og fleire andre stader har demonstrantar kasta mobiltelefonar etter fakkelen. ”Remember this?” roper dei rasande demonstrantane. Andre går i tog og roper slagord som ”Nei til at statsrådar gir uttrykk for sine holdningar i spørsmål som eigentlig bør avgjerast av idrettens eigne organ!” og ”Erling Lae er ført bak lyset, boikott Norge no!”

I dag kom også nyheita om at Det Statlige Kinesiske Fyrverkeriministeriet har trekt seg frå Tromsø-OL. Etter planen skulle det kinesiske fyrverkeriministeriet koordinere utskytinga av hundre fredsduer frå skjegget til eit gigantisk troll under opningsseremonien. ”Det verkar meiningslaust å skyte fredsduer ut av skjegg slik situasjonen er no,” seier ein talsmann for ministeriet, og legg til: ”Ein SMS går det an å gløyme. Men no har vi forstått at det kanskje er snakk om to SMS-ar. Som kanskje er sendte til nokon som ingen veit kven er. Eller kanskje ikkje. Slik kan ein ikkje ha det. Denne situasjonen er ikkje til å leve med. No må verden seie frå.”

IOC- president Gunde Svan innrømmer at situasjonen er svært dramatisk, men hevdar at IOC gav OL til Tromsø og Norge nettopp for å rette verdas søkelys mot det som foregår i dette påstått fredelige og demokratiske landet i Norden. ”Vi er heile tida i dialog med norske styresmakter,” seier Svan, ”og det skal bli vanskelig for Norge i framtida å påstå at alt er som det skal vere når alle no veit at dette er eit land der folk kjenner kvarandre og statsrådar gir uttrykk for kva dei meiner.”

Statsminister Siv Jensen avviser kritikken: ”Dei statsrådane det her er snakk om, har gått av for lenge sidan, og dei som har problem med måten vi gjer ting på i Norge kan halde seg heime under OL. Det er likevel vi som tek alle gullmedaljene.” Jensen understreker også at partiet hennar var mot heile OL-søknaden.

Spørsmålet no er kor mange land som kjem til å boikotte opningsseremonien i protest mot at det blir sendt SMS-ar i Norge med den mulige konsekvensen at Marvin Wiseth ikkje får arrangere OL sjølv om han har veldig lyst. Kanskje blir det opningsseremoni utan både utan idrettsutøvarar og duer i skjegget på trollet. Det er det alle fryktar no. Det er det verste som kan skje.

Are Kalvø - 10.05.2008