Framtida er oppskrytt

Om kvifor Dag Solstad eigentlig er den ultimate reality-kjendisen.

Det blir sagt at framtidas arbeidsliv er kreativt. Som så mykje anna som blir sagt, så er sjølvsagt heller ikkje dette sant, sjølv om det er stilig å seie. Arbeidslivet er og blir kjedelig. Det er noko av poenget med arbeidslivet.

Det som derimot ser ut til å vere sant, er at mange unge ønsker å jobbe med noko kreativt. Dette fenomenet blir ofte latterligjort og kritisert av alle oss som har passert tretti med god margin og har jobba med noko kreativt lenge. Fordi vi reknar med at dagens unge, sidan dei gjer sjuke ting som å chatte og dele ord på midten, sannsynligvis ønsker seg kreative jobbar berre fordi dei er overflatiske og kjendisfikserte, og ikkje – som oss – fordi vi har noko viktig å formidle om livet, samfunnet og vår tid.

Men det er vel på tide å innsjå det no: Ungdommen gjer heilt rett i å ønske seg kreative jobbar, og dei ønsker det sannsynligvis av same grunn som oss: Fordi kreative jobbar er og blir morsommare enn andre jobbar. Du kan tillate deg ting i kreative yrke som du ikkje kan i det ordentlige arbeidslivet.

Forfattarar, for eksempel. Ein forfattar kan skrive ein heil roman som handlar om ein forfattar som prøver å skrive ein roman og ikkje får det til. Det har skjedd fleire gonger. Andre folk kan ikkje gjere slikt. Ein økonomisjef kan ikkje legge fram ei historie om ein økonomisjef som prøver å lage ein rekneskap og ikkje får det til. I alle fall ikkje om ho vil behalde jobben.

Og ein forfattar kan vente seg å bli tatt alvorlig og få respons om han seier at han er mot tidsånda eller at ytringsfridom er oppskrytt. Ein forfattar som er mot ytringsfridom er litt som ein restaurantkokk som synest folk bør lage maten sin sjølv i staden for å gå ut og ete. Kokken vil trulig få sparken eller i alle fall sørge for at det er så dårlig stemning som mulig på arbeidsplassen heilt fram til arbeidsplassen går konkurs. Ein forfattar, la oss kalle han Dag Solstad, som seier han er mot ytringsfridom, vil derimot bli motsagt og intervjua og hylla og tolka. Fordi alle som arbeider i media liker å snakke om ytringsfridom. Fordi det er herlig sjølvmotseiande å vere forfattar mot ytringsfridom. Og – la oss innsjå det – ganske mykje fordi det har ein viss underhaldningsverdi at Dag Solstad sjølv i munnlig form er ein ganske god illustrasjon på at ytringsfridom ikkje nødvendigvis er eit gode.

Eller:
Er du journalist i ei av Norges største aviser – og eg er klar over at eg strekker omgrepet ”kreativ jobb” ganske langt no, men bli med – så kan du også tillate deg ting som ingen andre kan. Du kan for eksempel ein dag skrive om ein kjent nordmann som er mistenkt for eit eller anna som ikkje er bra, og skrive såpass mykje om vedkommande – alder, kjønn, karriere, samarbeidspartnarar – at det er fritt fram for alle å spekulere vilt og hemningslaust på kven dette kan vere. Og så, etterpå, når det viser seg at folk faktisk gir seg til å spekulere vilt og hemningslaust på kven dette kan vere, så kan du skrive indignert om dei stakkars kjendisane som blir hengte ut som kriminelle på nettet utan grunn. Andre folk slepp ikkje unna med slikt. Du slepp ikkje unna med å spenne bein på nokon og så etterpå skjelle ut alle som går forbi utan å hjelpe stakkaren.

Det er det med kreative yrke. Det er så greitt. Det er så mykje ansvar i arbeidslivet. Det er derfor så mange av oss prøver å unngå det.

Are Kalvø - 31.05.2008